Det meste av registreringane kjem frå sjølvregistrering - og få PCR-testar vert tekne no, så tala er noko usikre. 
FHI reknar med at opp mot 50 % av dei smitta ikkje vert registret, så tala for Tokke kan godt vere høgare enn det som kjem fram av registreringssystemet vårt, men gjev ein indikasjon på omfanget av smittespreiinga for tida.

FHI ynskjer framleis at folk registrerar positiv testresultat for å kunne fylgje utviklinga i pandemien.

Det er ikkje registrert alvorlege symptom der den smitta treng legehjelp blant dei smitta i Tokke.

Der framleis råd om at pasientar og pårørande som er i kontakt med helsepersonell på legekontor/ legevakt har på seg munnbind. Dette for å verne helsepersonellet mot uoppdaga smitte - som så kan smitte vidare til sårbare pasientar. På legekontoret vil framleis personar med symptom på luftvegsinfeksjon bli undersøkt i eiga smittevernavdeling. 
Pasientar kan også bestille e-konsultasjon på telefon, eller videokonsultasjon (legane Flom og Eriksen ).

Kommunen har no fenge rikeleg forsyning av sjølvtestar og du kan hente slike på desse stadene:
- kommunehuset på Dalen (0800-1530)
- Tokke kulturhus, bilioteket i bemanna opningstid
- Åmdals Verk Daglegvare (10-17)
- Joker Høydalsmo
- Åheim bufellesskap
- legekontoret (på dagtid)

Du treng berre teste deg ved symptom på luftvegsinfeksjon.

Me ber no dei som har spørsmål om korona å primært ringe den nasjonale koronatelefonen på   815 55 015. (open på dagtid).

Kommunens koronatelefon 903 66 117 er no ikkje lenger i fast beredskap.

Sjølvregistrering her: Informasjon om testing og sjølvregistrering - TOKKE KOMMUNE

Ved positiv test kan du lesa meir her: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-koronasituasjonen/testing-og-isolasjon-sporsmal-og-svar/id2891647/