Liv og røre i Tokkebarnehagane

Tokke kommune er med i Liv og røre i Telemark,  eit samarbeidsprosjekt mellom Vestfold og Telemark fylkeskommune og sparebankstiftelsen DNB. Tokkebarnehagane  startar opp hausten 2023, og avtala  strekker seg over ein treårsperiode til barnehagane har fått innført hovudelementa i programmet i barnehagens daglege drift.

Liv og røre er eit universelt, heilskapleg og helsefremmande program der hovudmålet er å fremme helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Programmet skal fremme kosthald og matglede, fysisk aktivitet og bevegelsesglede og det psykososiale miljøet i eit og same program.

barnehage 2.jpg

Fysisk aktivitet og bevegelsesglede

Fysisk aktivitet og bevegelsesglede bygger på Helsedirektoratets tilrådingar, og skal vere ein naturleg del av barnehagens kvardag.

barnehage 3.jpg

Kosthald og matglede

Kosthald og matglede bygger på Helsedirektoratets nasjonal fagleg retningline for mat og måltid i barnehagen

 

Vesfold og Telemark fylkeskommune - Liv og røre i barnehager (vtfk.no)