Målet er å motvirke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom 

Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. Ein skal ikkje stille krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge kostnader eller vera gratis.

Offentlege instansar, private aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje om midlar. Søknadsfrist er 13. desember 2019.