Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nydyrking av areal til jordbruksformål

Dersom du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksformål, må du søkje kommunen om godkjenning.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan  for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.

Målgruppe

Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.

Kriterium/vilkår

  • Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
  • Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessige gode løysingar
  • For areal over 50 dekar må det finnast ei konsekvensutgreiing

Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar (eit vedlegg II-tiltak), skal kommunen behandle tiltaket etter forskrift om konsekvensutredninger for tiltak etter sektorlover § 3. Også mindre tiltak (under 50 dekar) skal bli behanda etter § 3 dersom det kan vere ein risiko for at tiltaket kan få verknader for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Landbruksdirektoratet

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå spesielt jordlova § 11 Drift av jordbruksareal, nydyrking og driftsvegar

Lover

Jordlova

Forskrifter

Forskrift om konsekvensutredninger

Forskrift om nydyrking

___

Skjema

Skjema SLF-160

Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Saksbehandling

Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld Fylkesmannen dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalefristen skal vere på minst éin månad.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekkdet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Landbruk
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44