Regjeringa har forlenga dei strenge nasjonale smittevernstiltaka som vart innført frå midtnatt 25.03 til 14.april. For Tokke kommune har dette slike fylgjer:
 
Kommunen oppfordrar til bruk av munnbind i forretningar og bensinstasjonar, då det kan vere vanskeleg å halde to meter avstand på desse stadene.
Hald generelt minst 2 meters avstand til andre som ikkje høyrer til din eigen husstand eller kohort. Dette er mest viktig innandørs.
Du bør framleis ha færrast mogleg sosiale kontaktar utanom eigen husstand, og helst ha denne kontakten utandørs.
Du bør no ikkje ha besøk av fleire enn 2 personar samstundes i tillegg til eigen husstand anten du er heime, på hytta eller ein annan stad (råd), og inntil 10 personar kan samlast i private arrangement (nasjonal regel/forskrift).
Tokkegym er berre ope for eigne innbyggarar.
Tokkehallen er berre open for organisert aktivitet for unge under 20 år.
Tokkebadet og bassenget i Høydalsmo er stengt for sesongen.
Badstoga Soria Moria er stengt til 14.april.
Kommunehuset er stengt for publikum til og med 13.april, men telefontida vil vere som normalt mellom 08:00 - 15:30.
Kommunale lokale er i perioden bere opne for vaksne for aktivitet og arrangement som ikkje kan bli utsett (gravferder/tilsvarande og politiske møte).