Bli kjent med vår prøvebustad, NYHEIM!

Drøymer du om eit liv på bygda, omgjeve av vakker natur og eit inkluderande lokalsamfunn?
NYHEIM ER FRÅ APRIL 2025 UTLEIGD, MEN INFORMASJON OM BUSTADEN, OG KORLEIS DU KAN SØKJE, VIL LIKEVEL VERA TILGJENGELEG PÅ DENNE SIDA.
I NYHEIM får du sjansen til å oppleve bygdelivet utan å forplikte deg på lang sikt. Bli del av eit levande fellesskap, knytt nye vennskap og utforsk kva bygda har å by på. Kanskje er dette den perfekte plassen for deg å slå rot?
Kva vi tilbyr:
- Ein moderne og komfortabel heim for deg og familien din.
- Eit sosialt og inkluderande nærmiljø med spanande aktivitetar og engasjerte naboar.
- Moglegheita til å prøvebu i opptil 2,5 år – utan hast, med god tid til å kjenne på om dette er staden for dykk.
- Nærleik til naturen, jobbmoglegheiter, og gode oppvekstvilkår for barn.
- Husleiga er sett til kr 9500,- per månad.
Me leitar etter deg som ynskjer å utforske livet på bygda og bli ein del av vårt fellesskap. Anten du har planar om å starte familie eller allereie har små barn, er du varmt velkomen til å søkje!
Interessert?
Send inn søknaden din i dag, og ta det fyrste steget mot å finne din ny heim her hjå oss, på Åmdals Verk i Tokke kommune - 59°Nord!
Korleis søkje om å bli prøvebuar i NYHEIM?
Vi vil gjerne høyre frå deg som ønskjer å prøvebu i vår spennande nye bustad og utforske livet i bygda vår. Søknaden din treng ikkje fylle eit bestemt skjema – du står fritt til å bestemme formatet, enten du vil skrive eit brev, lage ein presentasjon, ein film eller noko anna som passar deg. Det viktigaste er at du omtalar fylgjande punkt:
1. Kven er de som vil flytje?
- Fortel om deg sjølv og dei som blir med på flytjelasset. Gjev oss litt bakgrunnsinformasjon som alder, livsfase, utdanning og kva de jobbar med.
- Kva behov har de for barnehage- eller skuleplass?
- Korleis ser jobbsituasjonen dykkar ut? Fortel oss gjerne om moglegheiter de har for å etablere dykk med jobb i området, eller om de allereie er i ein søknadsprosess.
- Når kan de tenkje dykk å flytte inn? Huset står klart for innflytjing frå 7. mars 2025.
2. Kva motiverer dykk?
- Kvifor ynskjer de å prøvebu bygda vår? Del tankane dykkar om kvifor dette er interessant for dykk, og kva de ser fram til å oppleve her.
3. Langsiktige tankar om busetjing
- Fortel oss gjerne om planane dykkar for korleis de vil løyse bustadbehovet dersom de finn ut at de vil bli buande i bygda.
4. Kva kan de bidra med?
- Me ynskjer å skape eit levande og aktivt lokalsamfunn. Kva kan de bidra med som nye naboar? Fortel gjerne om ynskje de har om å engasjere dykk i lokalsamfunnet eller delta i frivillige aktivitetar.
Me ser fram til å høyre frå dykk og håpar at søknaden dykkar kan gjeva oss eit innblikk i kven de er og korleis de ser for dykk å bli ein del av bygda vår!
Er du interessert i meir informasjon om prosjektet, så kan du trykkje her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Søknad eller spørsmål om praktiske detaljar sendast til birgith@hoegde.no, prosjektleiar for 59°Nord.
Sist oppdatert