Teaterfag i kulturskulen!
Vi i kulturskulen er så heldige at vi i vår får dramalærar i kulturskulen, og då kan vi starte med tilbodet drama og teater!
Jori Gjelland Lid startar dramagruppe etter vinterferien, i veke 9. Vi har løpande opptak, og treng nok søkjarar for at tilbodet kan starte. Vi siktar på å starte ei gruppe på Dalen og ei i Høydalsmo, og dagen vert onsdag. Nøyaktig tidspunkt kjem når ein har sett om tilbodet bør unngå å gå parallelt med dans eller ikkje, avhengig av søkjarane. I teatergrupper er det vanleg å øve og spele aldersblanda, så her er det berre å søkje frå 3.klasse og oppover til 18 år.
De søker plass gjennom SpeedAdmin:
https://notokke.speedadmin.dk/registration#/ Lenke til et annet nettsted.
På tilbodet Teater kjem de til å jobba med sceneformidling og
karakterutvikling gjennom mykje leik og sprell.
Vi gler oss til å ha teaterfag i kulturskulen, velkomen som søkjar!
Sist oppdatert