Eg bur her og der

Samtalegruppe for born med to heimar, i regi av Familievernkontoret Øvre Telemark

Born med ryggsekkar

Illustrasjonsbilete: Colourbox

Når mor og far ikkje bur ilag lenger, dukkar det opp mange tankar og kjensler. Då kan det vera fint å møte andre born som har opplevd det sama.

I gruppa blir det snakka om vanlege tema rundt det å ha to heimar, som t.d. det å få vita om brotet, å leva med to heimar, konflikt, nye kjærastar og stesysken og mestringsstrategiar. I tillegg til å snakke ilag blir det også gjort andre ting, som t.d. å sjå film, teikne og spele spel.

Deltaking i gruppa forutset skriftleg samtykke frå begge foreldre.

Før oppstart vil det bli ei samtale med alle foreldra for å vurdere i felleskap om dette er eit eigna tilbod for enkelte barnet.
Etter at gruppa er avslutta blir det ei samtale med foreldra der det blir orientert om gruppa og gjeve tilbakemeldingar frå det enkelte barn.

Gruppetilbodet våren 2025:

  • Oppstart mars/april 2025
  • Totalt 6 gruppesamlingar
  • Tysdagar kl 1500 - 1630
  • Max 6 born pr. gruppe
  • Alder 8 - 14 år

Gruppeleiarar: Hilde Skjelfoss groven og Kristin Brekke Moore


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?