Demenspris og Folkehelsepris 2025

Har du nokon du vil nominere?

Nasjonalforeningen for folkehelsen Telemark delar kvart år ut to prisar i Telemark, "Folkehelsepris 2025" og "Demenspris 2025" og dei ynskjer hjelp til forslag på gode kandidatar.

Demenspris 2025:

Demensprisen skal gå til ein "kvardagshelt" og kan vera ein enkeltperson, ei gruppe menneske, eller ei eining som t.d. ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.

Demensprisen er ein honnør til ein innsats utanom det vanlege. Det kan vera enkeltindivid som gjer eit stort uformelt og frivillig arbeid i det stille, eller offentleg verksemd som gjennom sitt virke viser nytenking og engasjement på ein respektfull og inkluderande måte som kjem både demenssjuke og pårørande til gode, t.d. eit dagtilbod eller ei sjukeheimsavdleing tilrettelagt for personar med demens.

Folkehelsepris 2025:

Prisen kan gå til ein enkeltperson eller lag/foreningar. Innsatsen skal vera på frivillig basis. Ved vurdering av søknad vil det bli lagt vekt på at kandidaten oppfyller ei eller fleire av fylgjande område:

  • Bidreg til inkludering og bekjempelse av utanforskap
  • Har hatt stor betydning for folkehelsa og sosiale forhold i nærmiljøet
  • Bidreg til sosial stønad, nettverk og aktivitet som skapar trivsel og livskvalitet
  • Skapar generasjonsmøte og aktivitetar på tvers av generasjonar
  • Bidreg til/tilrettelegg for auka fysisk aktivitet i nærmiljøet

Frist for forslag, med grunngjeving, er 1. mars 2025 på båe prisane.

Forslaga sendast til: avt@nasjonalforeningen.no

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?