Velkomen til KVILEPLASSEN

- ei samtalegruppe for pårørande til personar med demens

Kvileplassen er ein stad for å dele tankar om det å vera pårørande til menneske med ulike demenstyper. Rundt bordet med  ein kaffikopp i handa kan ein dele tankar og frustrasjonar. Røynsla er at det hjelper å dele.

Her er det plass til fleire som har pårøranderøynsler. Det vere seg som ektefelle, bror, syster heller born. 

Gruppa er leia av Prostidiakon Eilev Erikstein, og Marieanne Prinse, demensjukepleiar i Tokke kommune, blir med. 

Lurar du på noko, kan du kontakte Eilev på 91113580

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?