Prisauke på bubilparkeringa ved Lastein Bryggje - difor gjer me det

Som fylgje av at prisauken på bubilparkeringa ved Lastein bryggje har skapt reaksjonar, ynskjer Tokke kommune å gjeva ei forklaring på kvifor ein slik prisauke vart vedteken.

Tokke Kommunestyre vedtok samrøystes å auke prisane på bubilparkeringa ved Lastein bryggje den 11. februar i år. Det vil seie at våre folkevalde politikarar er einige om å ta eit bevisst val for å sikre rettferdig konkurranse mellom offentlege og private aktørar i reiselivet.

Som kommunal aktør skal me ikkje utkonkurrere det private næringslivet ved å tilby lågare prisar. Difor har me justert prisnivået slik at det samsvarer med fleire av dei private tilboda i området. På denne måten legg me til rette for eit sunt og berekraftig næringsliv i Tokke. Samstundes meiner me at prisauken er forsvarleg med tanke på dei fasilitetane me tilbyr.

Bubilparkeringa ved bryggja har gode tilhøve med tilgang til fleire sanitæranlegg, straum og ei sentral plassering nær natur og lokale opplevingar. Bubilparkeringa på bryggja har også eit nyleg oppgradert område med opparbeida plassar. Dette gjer at me tilbyr ein attraktiv stad for bubilgjester som ynskjer eit komfortabelt opphald i kommunen vår.

Me håpar at både lokale og tilreisande forstår bakgrunnen for prisjusteringa, og håpar dette ikkje vil hindre dykk i å besøke oss og våre flotte fasilitetar ved Lastein bryggje.

Hjarteleg velkomen til Tokke!

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?