Bli kjent med bygda – prøv å bu i vår nybygde prøvebustad, NYHEIM!

Illustrasjonsbilde av prøvebustaden

Drøymer du om eit liv på bygda, omgjeve av vakker natur og eit inkluderande lokalsamfunn?

No har du sjansen til å prøve det ut! 59°Nord inviterar unge vaksne i etableringsfasen til å prøvebu i vår splitter nye prøvebustad; NYHEIM – ein heim der du kan kjenne på korleis livet i bygda kan vere.

I NYHEIM får du sjansen til å oppleve bygdelivet utan å forplikte deg på lang sikt. Bli del av eit levande fellesskap, knytt nye vennskap og utforsk kva bygda har å by på. Kanskje er dette den perfekte plassen for deg å slå rot?

Kva vi tilbyr:

  • Ein moderne og komfortabel heim for deg og familien din.
  • Eit sosialt og inkluderande nærmiljø med spanande aktivitetar og engasjerte naboar.
  • Moglegheita til å prøvebu i opptil 2,5 år – utan hast, med god tid til å kjenne på om dette er staden for dykk.
  • Nærleik til naturen, jobbmoglegheiter, og gode oppvekstvilkår for barn.
  • Husleiga er sett til kr 9500,- per månad.

Me leitar etter deg som ynskjer å utforske livet på bygda og bli ein del av vårt fellesskap. Anten du har planar om å starte familie eller allereie har små barn, er du varmt velkomen til å søkje!

Interessert?

Send inn søknaden din i dag, og ta det fyrste steget mot å finne din ny heim her hjå oss, på Åmdals Verk i Tokke kommune - 59°Nord!

Korleis søkje om å bli prøvebuar i NYHEIM?

Vi vil gjerne høyre frå deg som ønskjer å prøvebu i vår spennande nye bustad og utforske livet i bygda vår. Søknaden din treng ikkje fylle eit bestemt skjema – du står fritt til å bestemme formatet, enten du vil skrive eit brev, lage ein presentasjon, ein film eller noko anna som passar deg. Det viktigaste er at du omtalar fylgjande punkt:

  1. Kven er de som vil flytje?
  • Fortel om deg sjølv og dei som blir med på flytjelasset. Gjev oss litt bakgrunnsinformasjon som alder, livsfase, utdanning og kva de jobbar med.
  • Kva behov har de for barnehage- eller skuleplass?
  • Korleis ser jobbsituasjonen dykkar ut? Fortel oss gjerne om moglegheiter de har for å etablere dykk med jobb i området, eller om de allereie er i ein søknadsprosess.
  • Når kan de tenkje dykk å flytte inn? Huset står klart for innflytjing frå 7. mars 2025.
  1. Kva motiverer dykk?
  • Kvifor ynskjer de å prøvebu bygda vår? Del tankane dykkar om kvifor dette er interessant for dykk, og kva de ser fram til å oppleve her.
  1. Langsiktige tankar om busetjing
  • Fortel oss gjerne om planane dykkar for korleis de vil løyse bustadbehovet dersom de finn ut at de vil bli buande i bygda.
  1. Kva kan de bidra med?
  • Me ynskjer å skape eit levande og aktivt lokalsamfunn. Kva kan de bidra med som nye naboar? Fortel gjerne om ynskje de har om å engasjere dykk i lokalsamfunnet eller delta i frivillige aktivitetar.

Me ser fram til å høyre frå dykk og håpar at søknaden dykkar kan gjeva oss eit innblikk i kven de er og korleis de ser for dykk å bli ein del av bygda vår!

Me håpar på innflytjing før Fyrålåmi, vårens vakraste eventyr på Åmdals Verk, som går av stabelen i påska.

I tillegg til søknadane kan det bli aktuelt med intervju av søkjarane, dersom utvalsgruppa ynskjer å få eit betre bilete av kven de er. Vi legg stor vekt på å sikre eit mangfald blant søkjarane – ulike yrkesbakgrunnar, kulturar og livserfaringar vil bidra til eit levande og inkluderande miljø. Alle er oppmoda om å søkje!

Er du interessert i meir informasjon om prosjektet, så kan du trykkje her Lenke til et annet nettsted..

Søknad eller spørsmål om praktiske detaljar sendast til birgith@hoegde.no, prosjektleiar for 59°Nord.

Bilde av prøvebustaden Nyheim

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?