Pilotprosjekt - nærtenestesenter

Som ein av 9 kommunar har Tokke blitt vald ut til å delta i eit pilotprosjekt for å etablere eit nærtenestesenter. No er arbeidet i gang.

Saman med ulike statlege etatar skal ni utvalde kommunar no teste ut korleis tilgangen til statlege publikumstenester kan bli betre i område med lange reiseavstandar. I tillegg til Tokke så er kommunane Lebesby, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy, Gamvik og Vanylven med i prosjektet.

Målet med pilotprosjektet er å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i heile Noreg. Tokke kommune sitt fokus er å undersøkje om det er mogleg å tilby teoriprøva til førarkort, utføre ID- kontroll for D-nummer og tilby digital hjelp knytt til statlege tenester, lokalt.

Prosjektgruppa, som består seniorrådgjevar Olav Bjørn Bakken, informasjonskonsulent Tone Løk og nytilsette Camilla Lagergren Knudsen, er no i gang med fyrste fase. I denne fasen er det innhenting av informasjon og kartlegging av mogleghetar som står i fokus, i nært samarbeid med tenestetilbydarane og dei andre pilotkommunane.

Pilotprosjektet har både digitale og fysiske samlingar, og neste fysiske samling vil vera i Ulstein i starten av april.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?