Kommunen har oppdaga feilpublisering på heimesida

Tokke kommune vil informere om fleire hendingar der bl.a. fødselsnummer ved uhell blei publisert på kommunen si heimeside.

Det har vore tilgjengeleg via vedlegg til politiske møteinnkallingar og gjeld nokre typer søknadar og avtaler. Sjølv om fødselsnummer ikkje vert rekna som særleg kategori av personopplysningar og ikkje er sensitiv informasjon, er det likevel ikkje lov å offentleggjere dette på internett.

Kommunen handla raskt då feilen blei oppdaga, og informasjonen er no fjerna frå heimesida til kommunen. Me arbeider aktivt med å kontakte alle råka partar for å informere om hendinga, og sikre at personvernet deira vert ivareteke.

Me tek denne situasjonen svært alvorleg og gjennomgår no våre interne rutiner for å hindre at liknande skjer i framtida. Tokke kommune orsakar på det sterkaste det som har skjedd.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?