Tokke halverar prisen på klarlegging av grensepunkt
Tiltaket er gyldig ut 2026.
Matrikkelen er Noregs eigedomsregister, og inneheld data som nyttast i samfunnsutviklinga.
I Tokke kommune har me generelt ein god matrikkel, men det er framleis ein del å rette opp. Mange eigedomar frå før 1980 har berre fiktive grenser, dvs at det er gjennomført skylddelingsforretningar (frådeling av eigedomar) som ein ikkje kan digitalisere utan ei oppmåling.
Dersom du har tomtegrenser som på biletet under, med ein fiktiv åttekant over bustaden/hytta, så gjeld dette deg.

Som eit ledd i arbeidet med kvalitetsheving i matrikkelen har Tokke kommune halvert prisen på klarlegging av eksisterande grenser ut 2026, til 6000 for fire grensepunkt og 1000 per overskytande punkt.
Vilkår for å nytte seg av prosjektet er fylgjande:
- Eigedomen er berre avgrensa med fiktiv hjelpelinje i matrikkelen.
- Ligg i lista for eigedomar som ikkje har avgrensing i kart (spøkelseseigedomar)
- Ordninga gjeld for eigedomar under 5 000 m2.
- Oppmåling må rekvirerast innan 31.12.2026
- Ved stor pågang må søkjarar eventuelt fråvike fristen på 16 veker for gjennomføring. Skal ikkje gå på bekostning av vanlege delingssaker.
Rekvisisjon kan sendast til: postmottak@tokke.kommune.no
Rekvisisjonsskjema finn du her. Pdf, 651 kB, åpnes i nytt vindu.
Ved spørsmål, kontakt kart- og oppmålingsingeniør
Tommy Vadder, tlf 35 07 52 43 / 41 60 33 03
Sist oppdatert