Sommararbeid for Tokke ungdom 2025

Søknadsfrist: 21. april 2025

Turistvertar – Visit Dalen 2025

Me søkjer imøtekommande, positive og serviceinnstilte turistvertar som vil vere med på å skape gode opplevingar for dei besøkande på Dalen sommaren 2025!

Er du språkmektig, utadvendt og glad i Tokke? Då kan du vere den me leitar etter! Som turistvert er du Visit Dalen sitt ansikt utad og spelar ei viktig rolle i å formidle vår unike natur, kultur og historie til gjestene våre.

Arbeidsoppgåver:

  • Vertskap for Visit Dalen – ta imot og rettleie turistar
  • Sal av tenester og varer
  • Oppdatering av sosiale media
  • Guiding og formidling av lokalhistorie
  • Enkle rydde- og reinhaldsoppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Serviceinnstilt og glad i å møte nye menneske
  • Gode kommunikasjonsevner – gjerne fleire språk
  • Interesse for lokalhistorie, natur og reiseliv
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Alder: Frå 16 år og oppover

Vil du vere med på å gi våre besøkande ein minneverdig sommar? Send oss ei søknad med nokre ord om deg sjølv og kvifor du vil jobbe som turistvert!

Kontaktperson: Reiselivskonsulent Olav Haugan Vindal
Telefon: 35 07 52 00 / 47 68 11 30


Sommararbeid ved teknisk uteavdeling

Uteavdelinga i Tokke kommune vil i sommar tilby ungdom mellom 16-18 år sommararbeid.

Arbeidsoppgåvene vil bestå av vedlikehald av kommunen sine bygg og grøntområde i lag med kommunalt tilsette og arbeidskoordinator.

Me oppfordrar ungdom med interesse for praktisk arbeid til å søkje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar teknisk uteavdeling Tore Gjerlid
Telefon: 35 07 52 00 / 99 61 65 01


Arbeidskoordinator for sommararbeid ved Teknisk uteavdeling

Uteavdelinga i Tokke kommune vil i sommar tilby ungdom over 18 år sommararbeid.

Arbeidsoppgåvene vil i tillegg til vedlikehald av kommunen sine bygg og grøntområde bestå av ei rolle som arbeidskoordinator.

Det er eit krav om førarkort klasse B og ein fordel med arbeidserfaring. Bruk av eigen bil i arbeidet kan vere aktuelt.

Kontaktperson: Avdelingsleiar teknisk uteavdeling Tore Gjerlid
Telefon: 35 07 52 00 / 99 61 65 01


Sommararbeid ved helse- og omsorgsetaten

Helse og omsorgsetaten vil i sommar tilby ungdom mellom 16 -18 år sommararbeid.

Vi søkjer etter assistenter på dagavdeling, omsorgssenter og kjøkken. Skriv i søknaden kva for avdeling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver kan vera:

  • Aktivitetar med eldre på vennestoga og avdeling
  • Servering og oppvask av felles måltid
  • Trilleturar ute i nærmiljøet
  • Vask av arbeidsbilar i heimetenesta
  • Vask av hjelpemiddel

Kontaktperson: Kommunalsjef Ann Wraa
Telefon: 35 07 52 00 / 97 02 14 22


Felles for alt av sommararbeid for Tokke ungdom 2025:

Søknad skal sendast via e-dialog som du finn her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ynskjer du å søkje på fleire av sommararbeida 2025? Då må du skrive ein søknad til kvar stilling.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?