Lokalbui opnar på Dalen

I mai opnar me "Lokalbui" på Dalen Turistinformasjon - ein heilt ny utsalsplass for lokalmat, handverk og kunst.

Me vil skape eit levande lokale der lokale produsentar kan vise fram og selje sine produkt, samstundes som me viser besøkjande det beste Tokke har å by på.

Har du eigne produkt du vil selje i sommar? Me legg til rette for at du kan få ein utsalsplass og nå ut til nye kundar! Dette blir eit kjempespennande tilskot til Dalen sentrum, og me håpar du vil vere med!

Interessert? Ta kontakt med næringsutviklar Hilde Hagen for meir informasjon.

Epost: hilde.hagen@tokke.kommune.no

Følg med for oppdateringar – me gler oss til opning!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?