Kulturskulen inviterar til kurset: "Dans til fest"

Foto: Colourbox
Skulle du gjerne imponert på dansegolvet? Hatt det endå morosamare på joleball eller konsert?
Kulturskulen inviterar no til kortkurs i "dans til fest": swing, gangar, reinlender og vals. Lær grunnstega innan forskjellige sjangrar og finn dansegleda til variert musikk!
Kom aleine eller saman med ein ven - vi vekslar på dansepartner undervegs. Du treng berre gode sko og godt humør!
Det blir sett opp både ungdomskurs (frå 13- 18 år) og vaksenkurs (frå 18 år og oppover), ved nok søkjarar.
Når: 5 onsdagar etter påskeferien, oppstart 23. april.
Ungdom: klokka 16.15-17.15
Vaksne: klokka 17.15-18.15
Kvar: Tokke kulturhus, Gullbjørgsalen
Pris: 300 kr for heile kurset
Søk her. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert