Vil du bli ny drivar av kiosken ved bryggja på Dalen?

Tokke kommune søkjer no engasjerte og serviceinnstilte drivarar til kiosken ved bryggja på Dalen for sommarsesongen 2025, med høve til vidareføring i fleire år framover.

Kiosken ligg idyllisk til ved Telemarkskanalen og Dalen Bryggje – eit knutepunkt for både turistar og fastbuande, og eit viktig stopp for bubilgjestar og passasjerar frå kanalbåtane.

Etter fleire år med kommunal drift ønskjer vi no å overlate kiosken til ein privat aktør som kan skape eit attraktivt, berekraftig og variert tilbod i sommarhalvåret. Kiosken har over fleire år hatt eit solid kundergrunnlag, og med auka satsing på innhald og sortiment ligg det eit godt potensial for vidare drift.

Me kan tilby:

  • Leigeavtale med gunstige vilkår
  • 10 % av inntektene frå både bubilparkering og gjestebrygga i perioden kiosken er open
  • Tilgang til eit velfungerande og synleg lokale med uteområde
  • Ein etablert kundestrøm av turistar, båtgjester og fastbuande
  • God oppfølging og samarbeid med kommunen

Me søkjer deg som:

  • Har ein god idé for kioskdrift og ynskjer å tilby mat, drikke og andre varer
  • Har gjennomføringsevne og økonomisk berekraft i driftsplanen
  • Kan tilby forutsigbare opningstider i perioden 23. juni – 10. august (utover dette står du fritt til å velje sjølv)
  • Er serviceinnstilt og har evne til å skape god stemning og gode gjesteopplevingar
  • Gjerne ynskjer å bruke lokale ressursar, som til dømes sommararbeid for ungdom og lokale leverandørar.

Som drivar vil du også:

  • Vere eit kontaktpunkt for bubilgjestar og båtturistar ved bryggja
  • Ha ansvar for tilsyn og informasjon knytt til bubilparkeringa og gjestebrygga
  • Bidra til at området held ein god standard, og varsle kommunen ved behov
  • Ha moglegheit til å utvikle eigen profil og setje ditt preg på kiosken

Slik søkjer du:

Send ein kortfatta søknad med beskriving av:

  • Konsept og varesortiment
  • Driftserfaring og økonomisk plan
  • Planlagde opningstider
  • Eventuelle samarbeidspartnarar og lokale tilknytingar

Frist for å søkje: 01.05.2025

Send søknaden til: olav.haugan.vindal@tokke.kommune.no
Kontaktperson: Olav Haugan Vindal, Tlf: 476 81 130

Har du spørsmål eller ynskjer synfaring av kiosken?
Ta kontakt – me stiller gjerne opp for ein prat!

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?