Vil du vera med i Dalen Lokalbu 2025?
Påmeldingsfrist 1. mai!

🌿 Vil du vere med i Dalen Lokalbu 2025?
No inviterer vi alle lokale produsentar og handverkarar til å bli med i Dalen Lokalbu – du blir ein lokalbuar og blir med i eit fellesskap der du får moglegheita til å:
✔ Selje eigne produkt ✔ Vere del av eit unikt handelsmiljø ✔ Styrke lokalsamfunnet gjennom samarbeid og felles innsats
🔸 Prøveprosjekt i 2025
Tokke kommune stiller med lokale og støtte til prosjektet, men har ikkje kapasitet til å vere kontaktperson for produsentane. Difor treng vi ei styringsgruppe med blant anna:
- Leiar / koordinator
- Kasserar
- Ansvarleg for sosiale medium (SoMe)
- Har du lyst til å sitte i styringsgruppa? Send meg ein mail: Hilde.hagen@tokke.kommune.no
Lokalbua blir i desse dagar renovert og det blir montert ny belysning. Det er bestilt fem meter trekvite hyller, to låsbare glasskåp. Ein frysedisk og eit kjøleskap med glasfront. I tillegg til nokre hyller og gamle bord. Det er satt av veggplass både i lokalbua og i turistinformasjonen til bilder. Me ynskjer tilbakemeding på følgande:
- Kor mykje plass treng du, og kva slags innredning treng du?
- Har du eit gamalt bord du kan låne ut?
- Har du gamle kasser eller trau du kan bruke til å vise produkta dine i?
🧺 Kva får du som lokalbuar (produsent)?
- Fysisk salsplass i eit fellesskap av lokale aktørar
- Gratis husleige – dekt av Tokke kommune
- Marknadsføring gjennom kommunen sine kanalar
- Eksponering mot både lokalbefolkning og turistar
- Moglegheit til å bidra til eit levande sentrum i sommarsesongen
🤝 Kva forpliktar du deg til?
- Levere produkta dine i perioden 12.05 etter kl 13.00 til 13.05 før kl 12.00
- Stille på eit visst antal vakter etter avtale med koordinatoren, og selje både eigne og andre sine varer
- Vera med på nedrigging av butikken ved sesongslutt. Det vil seie å hente sine egne varer, blir avtalt seinare når me finn ut om me ynskjer å halde opp lengre.
- Betale ei koordinatoravgift på kr 250,-
📍 Plassering og opningstider:
Lokalbua ligg på Dalen, i same lokale som turistinformasjonen – Hotellvegen 16.
🎉 Offisiell opning: 14. mai 2025 kl 12:00 ved varaordførar Camilla Lagergren Knudsen
🕒 Opningstid:
- Kvar dag i skuleferien
- Helger frå 15. mai til 31. august
- Ønskjer de å halde ope andre tider, må det avtalast med koordinator. De lagar då sjølv ein vaktplan.
💡 Turistinformasjonen har mykje trafikk, særleg i fellesferien. Vi anbefaler å ha ein person i lokalbua nokre timar kvar dag for å få selt mest mogleg, det er ikkje eit krav frå oss i år, men det kan vera fornuftig.
🧾 Betaling og sal
- All betaling skjer direkte frå kunde til lokalbuar via Vipps til kvar enkelt produsent sitt nummer. Alle produkt må vera merka med ein QR-kode og/eller eit nummer, slik at det ikkje blir mogleg for kundane å vippse feil.
- Det vert inga felles kasse som er organisert frå kommunen si side, og det vert ikkje kravd leige eller provisjon i 2025 – dette er eit prøveår. Ved ynskje om mogleghet for betaling via kort, må det stiftas eit selskap med eigen konto, det er mogleg, men det må skje i dykkar regi.
✅ Krav til matprodukt
For å kunne selje mat i Dalen Lokalbu må du vere registrert eller godkjend av Mattilsynet og følgje gjeldande reglar for trygg matproduksjon, hygiene og merking. Dette gjeld uavhengig av type mat eller produksjonsvolum.
Dersom du ikkje er registrert, kan du gjera det enkelt her. Lenke til et annet nettsted.
👥 Allereie over 20 lokalbuarar påmeldt!
Vi håpar på fleire, slik at vi kan fordele evt vakter på fleire og for å vise fram breidda i lokal skaparvilje og kvalitet.
📆 Påmeldingsfrist: 1. mai 2025
Etter påmeldingsfristen inviterer vi til felles planleggingsmøte med:
- Vaktlister
- Praktisk informasjon, bla betalingsløsning og stifting av eit selskap.
- Organisering av sesongen
🗓 Tid og stad for møtet kjem snart!
💡 Har du tips til kven som burde bli med som lokalbuar i 2025? Del det gjerne vidare!
Sist oppdatert