Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Minner om fristen for søke om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket er 1. juni

Føremålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan gjevast til føretak som oppfyller vilkår for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Tilskot kan også gjevast eigar av landbrukseigedom dersom landbrukseigedommen leiger bort areal til ein produksjon som oppfyller vilkåra for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

I Tokke vert desse tiltaka prioritert:

  1. dekke over eksisterande gjødsellager
  2. rydding av gamle kulturbeiter
  3. restaurering av verna/verneverdige bygningar

Bygningsverntjeneste i Telemark - gratis synfaring for private eigarar av verneverdige bygningar

Har du planar om å restaurere eit verneverdig bygg? Då kan Rådgjevingstenesta Bygningsvern Telemark tilby gratis synfaring! Under synfaringa gjev dei råd om kva tiltak det er behov for og informerer samtidig om tilskotsordningar som er tilgjengelege for huseigar. De kan lese meir, og melde inn behov for ei slik synfaring her. Lenke til et annet nettsted.

Meir om dei kommunale prioriteringane for bruk av SMIL-midlar 2023-2026 finn du her. Pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.

Elektronisk søknadsskjema finn du her. Lenke til et annet nettsted.

Har du spørsmål, ellerhar eit prosjekt du vil søkje støtte til?
Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland
Tlf. 35 07 52 42 eller e-post: gunnhild.breiland@tokke.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?