Bli med på Hjerneløftet!
Hjerneløftet er eit gratis digitalt lågterskeltilbod med eitt mål: å gjeva folk konkrete forskningsbaserte råd for å styrke hjernehelsa og forebygge demens.

Kjelde: https://hjerneloftet.aldringoghelse.no/
Rundt 116 000 nordmenn lever med demens , og det er forventa at talet kjem til å stige kraftig i åra som kjem. Ny forskning viser at over 40 % av demenstilfella kan forebyggast gjennom livsstilsendringar. Hjerneløftet gjev verktøya og kunnskapen folk treng for å gjera små, men effektive grep i kvardagen – på område som fysisk aktivitet, kosthald, søvn, sosialt samvær og mental stimulering.
Slik fungerar Hjerneløftet:
- Eitt nytt tema og ein digital leksjon per månad – sendt direkte på e-post
- Kvar leksjon inneheld enkle øvelsar og inspirasjon til små endringar
- Deltakaren kan også få korte påminningar og tips på SMS
- Tilbodet er heilt gratis og ope for alle
Små grep – stor gevinst! Bli med på Hjerneløftet! Meld deg på her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Programmet er utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse.
VG skreiv om dette tilbodet nyleg (artikkelen krev abonnement):
Sist oppdatert