Har du eit tomt næringslokale du ynskjer aktivitet i?

Me ynskjer oversikt over kva som finst av mogleghetar når det gjeld næringslokale i Tokke for dei som har tankar om å starte opp for seg sjølv eller utvide det dei allereie har.

Denne oversikten vil me gjerne ha med oss til Skaparkraft, som vil vera ein god arena for å koble lokale med interesserte.

Om du har eit lokale du vil ha med på oversikten, send e-post til

tone.lok@tokke.kommune.no med fylgjande info:

  • plassering
  • storleik
  • skildring av lokalet
  • bilete utanfor og inni (dette er ynskjeleg, men ikkje eit krav)
  • kontaktperson med tlf nummer

For å koma med på oversikten treng me informasjonen innan fredag 13. juni

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?