Oppsøkande team

På store arrangement som Victoriafestivalen, Dalsmarken, Countryfestivalen og Dyrskuen finn du ikkje berre musikk og fest, men også trygge vaksne som er der for ungdomane.
Det oppsøkande teamet består av representantar frå SLT-samarbeidet, ungdomsarbeidarar, ruskonsulentar og barneverntenesta. Mange kjenner ungdommane frå før og er til stades for å skape tryggleik og vere ei støtte ved behov.
Teamet er ikkje ute etter å kontrollere, men er synlege og førebyggjande. Dei har ikkje mynde til å beslagleggje alkohol eller bortvise folk – dette ansvaret ligg hjå politi og vaktselskap.
Gjennom samarbeid med naudetatar og arrangørar er dei alltid klare til å hjelpe vidare ved behov
Sist oppdatert