Meslingar, reise og vaksiner til barn under 15 månader
Ta kontakt med Tokke helsestasjon 35 07 55 50 om de skal på ferie og om det er aktuelt for barnet dykkar.
Informasjon frå FHI Folkehelseinstituttet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Til tross for at det er auka smitte av meslingar i Europa, er risikoen for smitte generelt låg ved reise til de fleste europeiske land.
For barn under 15 måneder som ennå ikkje har fått MMR-vaksine, kan det i nokon tilfelle vera aktuelt å ta MMR-vaksine tidligare enn planlagt.
Det er stadig utbrot av meslingar i Europa og andre delar av verda. Befolkningen i nokon område eller land er sårbare for smitte av meslingar på grunn av låg vaksinasjonsdekning. De fleste europeiske land som er vanlege reisemål for nordmenn har imidlertid få smitta og god vaksinasjonsdekning. Folkehelseinstituttet har ikkje ein generell tilråding om å ta vaksiner tidligere enn planlagt ved reise til slike land.
Alle barn i Noreg får tilbud om vaksinasjon mot meslingar ved MMR-vaksine, ved 15 månaders alder. Ved reiser til land eller område med større utbrot eller høg forekomst av meslingar, både i og utanfor Europa, bør det vurderast å gje barn yngre enn 15 månader tilbod om MMR-vaksine.
Behov for å ta vaksine tidligare enn ved 15 månaders alder er avhengig av både reisemål og kva familien skal gjera på tur, og det er forskjell på å bu i eige hus eller leilighet (få kontaktar) og opphald på store hotellkompleks (mange kontakter).
Sist oppdatert