Nye tilbod i kulturskulen til hausten
Musikkleik for barnehagebarn
I kulturskulen har me tilbod for mange born, ungdommar og vaksne. Dei fleste tilboda er for dei i 3. klasse og oppover, men no har me hatt musikkleik for ungar i førskulealder og oppover i eit drygt år. Kulturskulen har fått tilbakemelding om at det er ynskje om eit tilbod i denne sjangeren til endå yngre barn.
Kulturskulen svingar seg rundt og tilbyr no musikkleik for barnehagebarn frå hausten av!
Dette vil då vera for 3-4 åringar.
I musikkleiktimane driv me med både song og rytme, instrument, dans og mykje meir. Her skal me lytte, spele, syngje, musisere og leike!
Musikkleik for barnehagebarn blir truleg på tysdagar frå 17.00-1730 på kulturhuset, og føresette kan vera med inn og slå av ein prat med andre føresette medan me held på.
Kvedegruppe
Jori startar opp ei kvedegruppa ved nok søkjarar. Kveding er vokal folkesong, og tilbodet blir truleg på onsdagar. Til denne gruppa tek me imot søkjarar frå 1. klasse og oppover.
Band
Band er eigentleg ikkje nytt i kulturskulen, men det har vore lite fast bandspel sei seiste åra. Spelar du eit instrument i kulturskulen (eller utanom) og har lyst til å spele i band? Søk plass eller ta kontakt med kulturskulerektor eller gitarlærar. Frå 3. klasse.
Elles har kulturskulen framleis desse faste tilboda:
• Musikkleik for dei yngste (frå 5 år)
• Visuell kunst (frå 1.klasse)
• Barnedans (frå 1.klasse)
• Drama og teater (frå 3.klasse)
• Eine/gruppetimer dei fleste instrument (primært frå 3.klasse)
• Korps i Høydalsmo og på Dalen
• Tokke Songlag (vaksenkor)
Lenke til påmelding finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Informasjon om alle tilboda i kulturskulen finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Velkomen som søkjar, og god sommar frå kulturskulen!
Sist oppdatert