Fotokonkurranse
Tokke kommune inviterar til fotokonkurranse!
Me vil gjerne vise meir av heile kommunen og ynskjer bidrag frå publikum!
Valgfritt ifht tema og sesong, så det kan t.d. vera folk på tur, folk i arbeidssituasjonar, natur, attraksjonar etc.
Reglar for deltaking:
- den som sender inn biletet/bileta må sjølv ha avklart at personar som evt er avbilda har godkjent biletet (ikkje send eit bilete du er usikker på)
- bileta må vera frå Tokke kommune, og du må sei kvar biletet er frå
- bileta skal ikkje ha alkohol i seg
- alle innsende bilete skal kunne brukast av Tokke kommune, med kreditering, etter at konkurransen er avslutta
- vinnarane blir publisert med navn i Tokke kommune sine kanalar
Bileta kan sendast via messenger på Tokke kommune sin Facebook, eller på e-post til resepsjonen@tokke.kommune.no
Frist for innsending: 1. oktober 2025
Premiar:
1. premie 1500 kr
2. premie 1000
3. premie 500
(Illustrasjon: Colourbox)
Sist oppdatert
