Dagsturhytte i Tokke – har du eit godt forslag?
Tokke kommune vil vere med i prosjektet Dagsturhytter i Telemark, og no treng me tips frå deg for å finne dei beste plasseringane!
Kva er ei dagsturhytte?
Ei dagsturhytte er eit ope og enkelt bygg på 15–20 m², der du kan kvile, ete nista, varme deg litt og nyte naturen. Det er ikkje lagt opp til overnatting, og hytta skal vere tilgjengeleg for alle.
Hyttene ligg ofte ved populære turstiar, og skal så langt det er mogleg vere universelt utforma.
Kva er spesielt med prosjektet i Tokke?
I Tokke ynskjer me å ta i bruk eksisterande bygg der det passar. Det kan vere små bygg som kan brukast som dei er, eller delar av større bygg. Hytta skal eigast av kommunen, som også vil ha ansvar for vedlikehald og drift – gjerne i samarbeid med frivillige eller lokale lag.
Kva leitar me etter?
Me ynskjer innspel på:
- Turmål som passar for ei dagsturhytte, gjerne med eigna bygg i nærleiken
- Bygg som kan brukast, enten der dei står eller ved flytting
Tre viktige kriterium:
- Nærleik til turmål og eit av bygdesentra i Tokke
- Tilkomst og tursti som passar for dei fleste, med god infrastruktur
- Ei historie eller særpreg knytt til staden
Det er viktig at både hytta og tilkomsten er mest mogleg universelt utforma. Grunneigarar må vere positive, og det må vere mogleg å inngå gode avtalar.
Send inn forslaget ditt til:
postmottak@tokke.kommune.no
Ta gjerne med bilete, kart eller ei kort forklaring!
Sist oppdatert
