Treng du hjelp med digitale tenester?
No kartlegg me behovet for hjelp med digitale tenester, og treng hjelp av deg!

Illustrasjon: Colourbox
Tokke er ein pilotkommune som skal etablere eit «Nærtenestesenter». Arbeidet starta i februar i 2025. Så langt har prosjektgruppa vore på faglege samlingar, pilot-møter og drive med kunnskapsinnhenting og politisk arbeid.
Prosjektet består ikkje av ferdige tenester som er klare til å bli rulla ut. Det er ein
prosess der prosjektgruppa må kartlegge kva tenester det er behov for i Tokke, og kva som er mogleg å få til, for å prøve å fylgje opp måla i pilotsøknaden.
Tokke kommune ynskte i søknaden sin at innbyggarar skal kunne:
- ta teoriprøve for førarkort på Dalen
- få D-nummer på Dalen
- få hjelp og rettleiing til digitale, statlege tenester lokalt i
kommunen
Pilotprosjektet skal etter planen avsluttast i utgangen av 2026.
No skal prosjektgruppa kartlegge kva innbyggarar i Tokke har behov for av digital rettleiing. Kva treng du hjelp til i jungelen av digitale tenester?
Bli med i kartlegginga og svar på spørjeskjemaet!
Spørjeskjemaet finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Skjemaet finst også i papirform på kommunehuset, biblioteket, NAV, Frivilligsentralen og legekontoret. Sprei gjerne informasjonen til andre det kan vera aktuelt for.
Takk for ditt bidrag!
Sist oppdatert
