Temakafé for kreftpasientar, pårørande, etterlatte og overlevande

Illustrasjon: Colourbox
Kreftsjukepleiar og kreftkoordinator, Silje Merete Småbrekke, arrangerar ilag med kreftforeningen ein temakafé for kreftpasientar, pårørande, etterlatte og overlevande. No er programmet for hausten 2025 klart.
Haustens datoar:
27. august: Velkomen etter sommarferien
30. september: Me ser webinar om kosthald fyrst
11. november: Me ser webinar om psykisk helse fyrst
9. desember: Joleavslutning
Dette er eit lågterskeltilbod, og krev ikkje påmelding. Det blir enkel servering av frukt og kjeks.
Oppmøtestad: Vennestoga på Tokke helsesenter
Klokkeslett alle dagane: 16.00 - 1730
Hjarteleg velkomen!
Sist oppdatert
