Tokke kommune sin Kulturpris gjekk i år til Tarjei Førstøyl

Me gratulerar så mykje!

For dei som ikkje var tilstades på utdelinga så kan de no lesa grunngjevinga og tala i sin heilskap her. Tala er skriven av Tor Arne Heggtveit.

Tale av Tor Arne Heggtveit ved utdeling av kulturpris på Vest-Telemark Museum i Eidsborg 17.08.2025

Tokke kommune har i ei årrekkje delt ut kulturpris, og det kjem alltid inn gode kandidatar. Og det har vore ein god tradisjon der utdelinga går på rundgang mellom Grimdalstunet, Museet i Eidsborg og Rallardagen på Åmdals Verk. Det er hovudutvalet for Oppvekst, Kultur og Idrett som gjer vedtak om tildeling, og eg som leiar er ansvarleg for utdelinga.

«Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i Tokke kommune, eller som elles er knytt til kommunen, og som har gjort eller gjer ein innsats ut over det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.»

Kulturprisen i 2025 blir tildela Tarjei Forstøyl frå Høydalsmo.
Tarjei får prisen for det arbeidet han i ei årrekkje har lagt ned med innsamling, dokumentering og formidling av lokalhistorisk stoff frå Tokke og bygdene rundt. Det er særleg slektshistorie du har stor interesse for, men også gardshistorie, soger og mykje anna frå eldre tider. Du er kunnskapsrik og har eit minne utover det vanlege, og er eit levande leksikon til glede for mange. Tarjei fatta tidleg interesse for denne kunnskapen, og knytte tidleg kontakt med eldre kunnskapsrike
personar i nærmiljøet sitt. Soleis fekk han overført mykje gamal kunnskap som han har teke med seg vidare. Dette var kunnskap som etter kvart ville blitt borte, men med Tarjei sin gode hukommelse kan vi glede oss over at dette er teke vare på. Og du fatta tidleg interesse for å lesa gamalt stoff, og få andre har vel lese gjennom meir lokalhistorisk stoff enn deg Tarjei.
Du såg tidleg nytten av teknologi, og skaffa deg kyrkjebøkane på mikrofilm, og utstyr for å lese desse. Seinare tok du i bruk moderne datautstyr og registrerte kyrkjebøkane digitalt, likeins fekk du systematisering og dokumentere materiale ditt digitalt. Du er ein av få som i dag kan lese og oversette gamle dokument i gotisk skrift, og du har lagt ned mykje
arbeid med å oversette gamle rettsprotokollar og andre dokument. Desse dokumenta gjev mykje verdifull informasjon om slekt og gardar, og ikkje minst tidlegare hendingar i bygdane. Men ein må kunne lese dei,
og det er det ikkje mange av oss som kan. 

Tarjei er ikkje blant dei som framhevar mest ute i det offentlege rom, men alle med litt interesse for slekt og lokalhistorie kjenner til deg og dine kunnskapar. Du delar gladleg kunnskapen, og er aldri vanskeleg å be
på når nokon spør. Det er alltid moro å høyre på deg, og du er god på formidling og framføring. I mange år har du vore engasjert i Tokke historielag, og skrive mange artiklar der opp gjennom åri. Du har
også gjev ut nokre bøkar, m.a. Boki om Juvekongen frå Øyfjell, og fleire hugsar vel boka di som kom til 250 års jubile til Høydalsmo kyrkje i 1997.

Du blir også mykje bruka både som kjelde og faktasjekk for andre som skal skrive eller framføre noko, seinaste nå i vinter ved utgjeving av Tor Gotaas si ny bok om Sondre Norheim. Du har i mange år også vore engasjert i Vest-Telemark Museum i Eidsborg i ulike roller. Mykje av arbeidet i
museet passar godt inn i dine fagfelt.

Saman med fleire har du også arbeid mykje med leiting og dokumentering av tidlegare husmannsplassar og andre buplassar og bygningar. Dette er godt dokumentert med GPS posisjonar, og då ligg det inn i evigheten.

Eg lyt au nemne innsamling og dokumentering av eldre bilde. Største jobben her er å identifisere folka på bilda. Det er imponerande å sjå kor mange av desse folka de har klart å navngje, og dette er nå
systematisert på gards- og bruksnummer. Du har vore ute fleire kveldar i ulike grender å vist utval av desse bilda, og det er alltid stor interesse for dette.

Innanfor alt det du har gjort, og framleis gjer, er nok truleg arbeidet ditt som bygdesogeskrivar det største. Og sjølv om dette er lønna arbeid så veit vi alle at arbeidet med dette også tek mykje av fritida tid. Det er
eit livsverk. For Tokke kommune skreiv du fyrste bind av ny bygdesoga for Lårdal som dekker Høydalsmo sokn. Dette blei ei fyldig og informativ bok som blei godt motteke. Her får vi både slektslinjer og fine omtaler av alle gardar og bruk. Gjennom dette arbeidet har du eit rikt omfang av stoff og informasjon som er til stor nytte for sogeskrivaren som nå skal fullføre dei to binda for Lårdal og Dalen som står att. Eg sit i nemnda for ny bygdesoge, og ser at du samarbeider godt, og delar kunnskap med ny sogeskrivar.
Det set eg veldig pris på Tarjei, og gjer at kommunen om ei tid vil få ei svært god bygdesoge for gamle Lårdal kommune.
Nå er du godt i gang med ny bygdesoge for Øyfjell sokn. Øyfjell var ein del av Lårdal kommune fram til 1860 åra, så Lårdal og Øyfjell er tett veve saman.

Til dagleg driv du garden din, og gjer det på ein måte som kanskje er den beste bærekraftige måten å drive på. Du driv med husdyr på ein middels gard, der du tilpassar drift og omfang etter det garden kan gje.
Moderne drift, men samstundes litt på den gamle måten.

Det er vanskeleg å avgrense seg når ein skal fortelje om deg Tarjei. Mykje meir kunne vore sagt, men eg håpar det som er nevnt her gjev eit godt bilde av noko av det arbeidet du har lagt ned, både i og utanfor
kommunen vår. Du har gjeve oss utruleg mykje godt stoff og informasjon om ulike delar av historia vår. Dette er stoff som veldig mange alltid har vore interessert i, og det går aldri ut på mote. Tida der dette blei
vidareført frå generasjonar fungerar ikkje på same måte lengre. Derfor er vi avhengig av det arbeid du og andre gjere med innsamling og formidling.

Då vil eg gratulere Tarjei med kulturprisen, og be deg komme opp for å ta mot prisen. Prisen er ein minnediplom og ein sum på kr. 15 000

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?