Pilotprosjektet: Tokke jobbar for å få ta teoriprøve til førarkort lokalt
Tokke kommune er med i eit Pilotprosjekt for nærtenestesenter i lag med 8 andre kommunar.
Pilotprosjektet handlar om å gjere statlege tenester lett tilgjengelege i distrikta og å hindre digitalt utanforskap.
Hovudmålet i Tokke sitt prosjekt er at vi vil gjere det mogleg for innbyggarar å ta teoriprøva til førarkortet på Dalen. I dag må ungdomar ta seg fri frå skulen (og bli køyrd av nokon, sidan kollektivtilbodet er dårleg) til Notodden eller Skien, berre for å ta prøva.
Prosessen for å få til dette med teoriprøve på Dalen har vore vanskeleg. Det er strenge krav til id-kontroll og tryggleik.
No prøvar vi på fleire måtar å få merksemd kring utfordringane i prosjektet. Kanskje må saka opp i Stortinget før vi kan få klarsignal til å sette igang med lokale teoriprøvar?
Les artikkelen om saka i TA her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
