Norgespris eller Tokkepris - kva er skilnaden?
Kl 09:00 i dag den 24.09.25, opna nettportalen elhub.no for bestilling av Norgespris. Du kan når som helst bestille Norgesprisavtale også seinare, og då gjeld avtala frå den dagen du bestiller. Om du ikkje gjer noko held du fram med Tokkepris som i dag.
Norgespris er ei ny fastprisavtale frå staten si side der du betaler 50 øre inkludert merverdiavgift (mva) per kilowattime du forbruker av straum. Norgespris gjeld frå 1.oktober, og du må binde deg til denne avtala til 31.12.2026.
Om tilbodet frå staten om Norgespris vil halde fram etter 2026, eller kor høg Norgesprisen blir etter 31.12.26, skal stortinget vedta i samband med statsbudsjettet for 2027. Du kan gå attende til Tokkeprisavtale frå 01.01.27 om du finn at dette er betre for deg.
Når du bestiller Norgesprisavtale har du 14 dagars angrefrist. Fastprisen på 50 øre/kWh gjeld for dei fyrste 5000 kW av straumforbruket i eit bustadhus, og for dei fyrste 1000 kW for ein fritidsbustad. Brukar du meir straum enn dette betalar du det som er marknadsprisen den månaden for ditt overskytande forbruk.
Tokkepris er ei spotprisavtale som gjeld for abonnentar i Tokke kommune med eit pristak i 2025 på 51,25 øre/kWh inkl. mva. Om marknadsprisen i snitt ein månad er lågare enn pristaket på 51,25 øre/kWh inkl. mva, er det den lågaste prisen som du skal betale.
Sidan 2021 har marknadsprisen i snitt for ein månad stort sett vore høgare enn 50 øre/kWh inkl. mva, og utsiktene for 2026 tilseier det same. Men straumprisane gjeng opp og ned, og ein viktig skilnad mellom Tokkepris slik den er i dag og Norgespris er at du med Norgesprisavtale betalar 50 øre/kWh inkl. mva opp til forbrukstaket på 5000/1000 kWh uansett, medan du med Tokkeprisavtale kan få lågare pris enn 51,25 øre/kWh viss marknadsprisen ein månad i snitt er under pristaket.
Det er staten som subsidierer Norgesprisen når marknadsprisen er over 50 øre/kWh, medan det er Tokke kommune som subsidierer Tokkeprisen. Slik sett er det betre for kommuneøkonomien til fleire som vel Norgespris.
Pristaket i Tokkeprisen er til vurdering i budsjetthandsaminga for 2026 - tentativt gjeldande frå 1.februar 2026. Dei siste åra har pristaket auka med 1 øre/kWh per år.
Problemstillinga som her vert skildra gjeld for hushaldskundar og fritidsbustader, næringslivet kan ikkje få Norgesprisavtale, og held fram med Tokkepris som i dag.
Sist oppdatert
