Folkemøte om riving av Laugevatn dam
Tysdag 14.okt kl 18 på Lårdal grendehus
Vest-Telemark kraftlag (VTK) har sendt søknad til NVE om å rive Laugevatn dam i øvre Lårdal. Grunngjevinga er at dammen ikkje lenger er til direkte nytte, og selskapet reknar med å få pålegg om å bygge ny dam om den skal bli ståande. Dette vil påføre samfunnet kostnader – verdiar som eigarkommunane av VTK kan nytte til andre samfunnsnyttige føremål.
Dammen vart bygd rundt år 1900 og har fungert som vassmagasin for kraftproduksjon og industri i Lårdal fram til 2002. Dammen blei rusta opp og forsterka i 1985. Om dammen blir fjerna vil vassnivået på Laugevatn bli senka med omlag 1,4 høgdemeter. Lårdal Vel har i si tid etablert ein badeplass med flytebrygge, bord og benkar ved vatnet.
Det er no ein høyringsrunde med svarfrist til 20. november, og alle kan sende svar til NVE. I høve saka vedtok formannskapet i Tokke å halde eit ope folkemøte, som blir tysdag 14. oktober kl 18 på Lårdal grendehus. Her kjem VTK, og folk frå kommunen sin administrasjon. Det vert høve til både å stille spørsmål og sei si meining.
Saka var oppe til handsaming i Tokke formannskap den 1.okt – sak 73/2025, og du finn søknaden frå VTK og kommunedirektørens tilråding i saka her. Lenke til et annet nettsted.
NVE avgjer om dammen kan rivast – og NVE sitt vedtak kan eventuelt klagast på til Energidepartementet.
Sist oppdatert
