Vaksinering hausten 2025
Tokke kommune har tilbod om vaksinasjon mot influensa, korona og pneumokokk-sjukdom for innbyggjarar i målgruppene.
Frå og med hausten 2025 er dette ein del av det nye nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Les meir om kven som er i målgruppene for dei ulike vaksinene lenger ned i artiklen.
Nytt i år:
- Koronavaksinen er ikkje lenger gratis.
- Koronavaksinen blir no berre anbefalt spesielt for aldersgruppa frå 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggjande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom.
- Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom er eit tilbod til alle i eitt bestemt årskull, og i år gjeld dette personar fødd i 1960. Framover vil tilbodet gjelde alle som fyller 65.
Tid og stad for vaksinering i Tokke
Tokke kulturhus
- Torsdag 20. november, kl. 09.30 - 14.30
Me oppmodar alle i målgruppene om å koma til Tokke kulturhus på fellesvaksinasjon. Betaling med kort eller mobil.
Ved feber eller akutt infeksjon, bør ein vente med vaksinering til ein er feberfri.
Vaksinering og målgrupper
Influensavaksine
- Alle som har fylt 65 år (Dei som bur på helse- og omsorgssenteret får tilbod om vaksine der)
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko (Får tilbod også på helsestasjonen)
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før svangerskapsveke 32, frå dei er 6 mnd. gamle og til dei er 5 år. (Får tilbod også på helsestasjonen)
- Vaksne og barn med:
- Kronisk lungesjukdom (også astma)
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), særleg personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- Diabetes type 1 og 2
- Kronisk lever eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved nedsatt lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan utgjere ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
- Helsepersonell (Får tilbod på arbeidsplassen)
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Svinerøktarar eller andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Personar som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl
Koronavaksine
Tilbod til innbyggjarar over 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggjande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom:
- Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim (Dei som bur på helse- og omsorgssenteret får tilbod om vaksine der)
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), til dømes hjartesvikt eller hjerneslag
- Diabetes, særleg dårleg kontrollert sjukdom eller seinkomplikasjonar
- Kronisk alvorleg lever- eller nyresjukdom
- Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Fedme med KMI over 35
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
- Personar frå 65-74 år er ikkje lenger anbefalt å ta vaksina, men kan likevel få tilbod om å ta vaksina om dei ynskjer det
- Personar som fell utanfor målgruppene over, vil ikkje få tilbod om å ta koronavaksina i år.
Pneumokokk-sjukdom
Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan føre til lungebetennelse, blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.
Merk at det berre er personar som er fødd i 1960 som får vaksina til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne i år.
Andre må ta kontakt med fastlegen for å vurdere om dei er i målgruppa, og få resept på vaksine slik som før.
Les meir om Pneumokokksjukdom her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Prisar
Me nyttar dei rettleiande prisane frå Folkehelseinstituttet:
Type vaksinasjon | Pris |
|---|---|
Influensavaksine | kr. 300,- |
Koronavaksine | kr. 110,- |
Koronavaksine samvaksinasjon | kr. 85,- |
Pneumokokk-sjukdom | kr. 110,- |
Pneumokokk-sjukdom samvaksinasjon | kr. 85,- |
Samvaksinasjon vil seia at du tar minimum to vaksiner på same tid.
Kontaktinformasjon
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med Tokke legekontor, 35075560.
Sist oppdatert
