Informasjon frå Tokke legekontor
Sjølvbooking av time:
Det er no lagt ut fleire timar til sjølvboking under «Bestille time» på Helsenorge. Timar til sjølvbooking vert tilgjengeleg 3-5 dagar på førehand. Ved behov for tolk, celleprøve, sårskift eller fjerning av sting, ring 35075560. Meir informasjon her: Legekontor - TOKKE KOMMUNE Lenke til et annet nettsted.
Informasjon på Helsenorge:
Me minner om mykje nyttig informasjon som ligg under kvalitetssikra helseinformasjon som handlar om helse i ulike livsfaser, sjukdom og behandling på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.
Varsling om timeavtale frå Helsenorge:
Viss ein berre brukar Helsenorge som nettlesar (utan app), får ein ikkje pushvarslar om timeavtale, men ein kan få e-post eller SMS-varsel viss ein har slått på det under Varselinnstillinger - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.
Betaling for legekonsultasjon:
Legekontoret ynskjer at flest mogleg mottar faktura på mobil etter avslutta legekonsulstasjon. Det vert då sendt ut sms kor ein kan velje mellom 3 betalingsmåtar:
Vipps
Betal om 14 dagar – faktura
Betal med kort
Ynskjer ein å betale med Vipps eller kort må fakturaen betalast innan 48 timar. Viss ein ikkje betalar innan 48 timar vert det automatisk sendt ut faktura med gebyr via e-post (viss legekontoret har lagt inn e-postadresse) eller via post. Les meir om betaling her: Checkut-betaling Lenke til et annet nettsted.
Permisjon:
Gunnar Grøstad Johnson skal ha permisjon i 40% av stillinga si frå 13.11.25- 12.10.26. Han vil vere til stades tysdag, onsdag og torsdag i denne perioden.
Sist oppdatert
