Nyoppretta ressursteam mot ungt utanforskap

NAV, i samarbeid med Tokke, Seljord, Nissedal, Kviteseid, Vinje og Vest-Telemark Vidaregåande Skule har oppretta eit ressursteam mot utanforskap. Ressursteamet kan gje råd og hjelp til unge vaksne mellom 16 og 30 år, med mål om å kunne komme attende til utdanning/arbeidsliv.

Illustrasjonsbilete for ungdom åleine

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Ein ynskjer å førebyggje og redusere utanforskap gjennom tett samarbeid mellom ulike fagmiljø og tenester. Ressursteamet fungerer som eit neste ledd i hjelpetenesta, når lokale kommunale tenester ikkje strekk til.

Kven er med i teamet?

Ressursteamet er ei tverrfagleg gruppe og består av fagpersonar frå:

  • NAV
  • Psykisk helse
  • Psykologteneste
  • Legeteneste
  • Vidaregåande skule

Kva gjer ressursteamet?

Skal bidra til at unge vaksne skal få:

  • Rett tilpassa tiltak og aktivitet
  • Koordinert hjelp
  • Råd og rettleiing

Kven kan ta kontakt?

Her kan den unge vaksne sjølv, fagpersonar eller andre støttepersonar, som til dømes lærar, foreldre, fastlege og eventuelt psykisk helse, ta kontakt for vidare hjelp og støtte.

Kor finn du ressursteamet?

Ressursteamet møter du på NAV-kontoret i Seljord. Den unge vaksne kan møte aleine eller saman med ein fagperson eller annan støtteperson. Om dei får samtykke, kan fagpersonar eller andre støttepersonar møte teamet utan den unge sjølv.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?