Visste du at du kan sjå kommunestyret på nett, via innbyggarappen Friskus?
Om dette ikkje har dukka opp på dine snarvegar øvst i appen, så kan du gå inn og velje dette sjølv.
For å endre på dine snarvegar øvst i appen, trykker du på pluss-teiknet.
Dersom du ikkje har eit pluss-teikn så har du allereie fire snarvegar. Om du vil endre på dette så held du inne knappen på den du vil fjerne til du får spørsmål om å fjerne det. Då kan du igjen trykke pluss-teiknet for å legge til ny snarveg. Då kan du blant anna velje Kommune TV, der du finn opptak og livesendingar av kommunestyremøta.
Alle snarvegar som er tilgjengeleg vil du uansett ha tilgang på ved å gå inn på Sjølvbetening, som du finn nedst på sida i appen.
Har du ikkje lasta ned innbyggarappen vår Friskus? Då har du endå ein god grunn til å gjera det no.
Sist oppdatert
