Tokke skule er med på foreldreinitiativet Smarttelefonfri Barndom
18. november vart det einstemmig vedteke av Tokke FAU at Tokke skule skal vera med på foreldreinitiativet Smarttelefonfri Barndom
Tokke FAU vel dermed å stille seg bak visjonen om å utsetje barns introduksjon til smarttelefon. Ynskjet er at FAU kvart år tek opp på fyrste møte at skulen arbeider saman med foreldra om å vera smarttelefonfri. Dette gjeld kun 1. og 2. klasse per 2025, men vedtaket skal fylgje dei nye klassetrinna som kjem kvart skuleår fram mot ungdomsskulen.
Vedtaket gjeld kun smarttelefonar og sosiale medier for born på barnetrinnet. Det gjeld ikkje bruken av annan digital skjerm, som til dømes tastetelefon, iPad, TV eller datamaskiner.
(FAU kan ikkje fatte juridiske vedtak, som betyr at det ikkje er lovbestemt at barn ikkje kan ha smarttelefon i Tokke.)
Ynskjer du å lesa meir om Smarttelefonfri Barndom, finn du informasjon om det her. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
