Nytt kontonummer for innbetaling av fellingsavgift for elg og hjort i Tokke
Kommunen fekk idag, 19.12.25, telefon frå ein jaktleiar som prøva å betale inn fellingsavgift for elg/hjort for 2025. I info-skrivet som gjekk ut før jakta så stod det kontonummer som fellingsavgifta skulle betalast inn på.
Det viser seg at Tokke kommune i mellomtida har bytt bank, og det gamle kontonummeret til viltfondet fungerar ikkje lenger.
Det nye kontonummeret til viltfondet i Tokke kommune er:
Kontonummer: 3000.67.25674 (Sparebanken Norge)
Ber om orsak for at dette kan ha medført problem for dykk jaktleiarar, og vonar at fellingsavgifter no let seg betale inn på rett plass.
Sist oppdatert
