Informasjon om komande arbeid i Eidsborgberget 2026

Det er førebels eit mål om å koma i gang med tilrigging rett etter påske. Det er eit krevjande terreng å arbeide i og det vil bli naudsynt å halde heilt stengt i om lag 6 veker, trulegvis frå midten av april og ut mai. Årsaken til dette er at den trongaste svingen, sving 3, skal utvidast og sikrast.

Etter denne perioden vil det vere om lag same opningstider som i fjor. (Vekedagar ope frå 1430 til 1600 og 1900 til 0830. Ope fredag, laurdag og sundag.) Heilt ope i veke 28, 29, 30 og 31.

Truleg blir det ikkje aksellast restriksjonar.

Dette er slik planane ser ut førebels, men det kan bli justeringar.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?