Informasjon om kommunal akutt døgnenhet-plass (KAD) i Tokke

Alle kommunar er pålagt å ha KAD-plass. Sidan dei vart oppretta har Tokke samarbeidd med Vinje om dette tilbodet, og plassane har vore lokalisert på Vinje sjukeheim. Frå 5. januar 2026 skal Tokke sin KAD-plass vere på Tokke helsesenter.

Innlegging på KAD skal vera eit like godt eller betre alternativ til innlegging på sjukehus. Før innlegging må pasienten vere tilsett av lege – enten fastlege eller legevaktslege. Pasienten sin tilstand skal vera avklart og det skal fylgje med ein tydeleg behandlingsplan frå innleggande lege. Opphaldet på KAD kan vare i inntil 5 døgn.

Aktuelle problemstillingar for KAD kan vera:

  • Pasientar som har forverring av kronisk sjukdom, som til dømes KOLS og hjartesvikt
  • Pasientar som får tilbakefall eller forverring av kjent psykisk liding
  • Behandling av pasientar som har ukompliserte akutte tilstandar med kjend årsak, som til dømes urinvegsinfeksjon, luftvegsinfeksjon, kvalme, oppkast, dehydrering, ernæringssvikt, obstipasjon, smertebehandling og sårbehandling

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?