Treng du litt hjelp, eller kanskje ein tur-ven?

10. klasse ved Tokke skule ynskjer å gjera ein innsats for andre!

Bilete av tenåring og ei eldre dame

Foto: Colourbox

Ein god gjeng i 10. klasse ved Tokke skule er interessert i å koma i kontakt med menneske på Dalen som kunne tenke seg litt hjelp i kvardagen, sosialt selskap og/ eller ein tur-ven.

Dette er elevar som har valfaget «Innsats for andre», som i stor grad handlar om frivillig arbeid og eit inkluderande samfunn.

Kvar torsdag etter vinterferien, har elevane halvannan time til å slå av ein prat, spele eit spel, måke sno og anna enkelt vedlikehald, hjelpe med handel, bera ved, enkel reinhald, lufte bikkje, lage eit enkelt måltid, vaske bil, osb.

Dersom dette kunne vere av interesse, kan de ta kontakt med læraren for faget, Åshild Bringsvær-Sunde på tlf. 95188080

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?