Lokal høyring om skrivemåte av stadnamn på Froland

I samband med arbeidet med ein verneplan i Tokke kommune er det reist namnesak etter lov om stadnamn.

Saka gjeld rett skrivemåte for ei elv og eit skar, der fylgjande namnvariantar er i bruk:

  • Elv: Smogåi / Smøgåi / Smågåi
  • Skar: Smogågjuvet / Smøgåjuvet / Smågågjuvet

Før Statens kartverk gjer vedtak om offisiell skrivemåte, skal saka leggjast ut på lokal høyring. Tokke kommune inviterer difor innbyggjarar, grunneigarar og lokale lag og organisasjonar til å koma med merknader.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen. Det er derfor særleg viktig å få innspel om korleis namna blir, eller har blitt, uttala lokalt. Dersom det finst fleire uttaleformer, ønskjer vi at desse blir skildra. Tokke kommune samordnar og vidaresender innspela til Språkrådet og Statens kartverk.

Skrivemåten som blir vedteken, vil vera retningsgjevande for vidare bruk av namnet.

Høyringssvar skal sendast til Tokke kommune innan 27. mars.

For meir informasjon, sjå saksdokumentet her. pdf, 172 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?