Avlysing av anbodskonkurransen - Tokke skule
Tokke kommune kåra Skorve AS som vinnar av konkurransen om prosjekt Tokke skule. Dei to øvrige tilbyderane, Morgan AS og Viking Bygg AS, klaga på innstillinga av Skorve AS som vinnar av konkurransen.
Kommunen har innhenta juridisk bistand i saka for å gå grundig gjennom anbodsprosessen og dokumenta i saka.
Konklusjonen etter gjennomgangen er at vinnarforslaget frå Skorve AS må avvisast fordi føresetnadane i anbodsgrunnlaget ikkje opnar for riving av heile skulen. Det vil seie at dei to andre tilbyderane får medhald i sine klager. Grunngjevinga for dette er i fylgje forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) § 24-8 (1) b) at oppdragsgjevar pliktar å avvise eit tilbod som inneheld vesentlege avvik frå konkurransedokumenta.
Vår gjennomgang i samband med klagebehandling har elles avdekt at dei to andre anbyderane har lagt forskjellige føresetnadar til grunn for sine anbod og at anboda difor ikkje er samanliknbare. Kommunen nyttar pkt. 1.3 i konkurransegrunnlaget som heimel for avlysing av konkurransen.
Tokke kommune ser etter gjennomgangen eit behov for fleire presiseringar i konkurransegrunnlaget. Konkurransen er difor avlyst og kommunen arbeider no vidare med korleis konkurransen skal gjennomførast og kva krav som skal ligge til grunn.
Sist oppdatert
