Saurlandsvegen 12 i Lårdal er no til sals

Saurlandsvegen 12 er det tidlegare fellesbygget ved Lårdal alderspensjonat. Eigedomen blir no seld til bustadføremål.

Dette er eit romsleg bygg med stort utviklingspotensial for kjøpar som ønskjer å tilpasse og oppgradere til eigen bustad.

 

Eigedom

Adresse: Saurlandsvegen 12, 3891 Høydalsmo
Gnr/bnr: del av 21/39
Tomt: blir frådela til om lag 500–525 m²
Eigedomstype: Sjølveigartomt (etter frådeling)

 

Bygget

  • Oppført i 1988
  • BRA ca. 309 m² over to plan
  • Tidlegare servicebygg til aldersbustadar
  • Fleire opphaldsrom, kjøkken, bad, vaskerom og toalett
  • Pipe og vedomn
  • Kjøkkeninnreiing fornya i 2011

 

Tilstand

Det ligg føre tilstandsrapport etter NS 3600.

 

Samandrag:

  • Bygget har normal slitasje ut frå alder
  • Våtrom er frå byggeår og ikkje etter dagens norm
  • Vatn har vore fråkopla og bygget har ikkje vore nytta på fleire år
  • Det må påreknast oppgraderingar før ordinær bustadbruk
  • Estimerte kostnader på forhold med TG3 er ca. 90 000 kr (i hovudsak knytt til røyr og varmtvasstankar)

Kjøpar må rekne med vedlikehald og modernisering.

 

Sal

Eigedomen vert seld til marknadspris.

Salet skjer i samsvar med vedtak i kommunestyret. Formannskapet skal godkjenne salet i møte 11.03.2026 før endeleg avtale kan inngåast.

 

Visning og bod

Open visning: 26. februar 2026 kl. 16.00 – 19.00

Det er òg mogleg med visning etter avtale.

Bodfrist: 2. mars 2026 kl. 12.00

Alle bod skal vera skriftlege.

 

Anna informasjon

  • Eigedomen vert frådela før overtaking
  • Overtaking etter nærare avtale

 

Sjå tilhøyrande dokument:
Tilstandsrapport pdf, 11 MB.
Lårdal alderspensjonat, fellesbygg, fyrste etasje pdf, 987 kB.
Lårdal alderspensjonat, fellesbygg, u.etasje pdf, 1 MB.
Lårdal alderspensjonat, fellesbygg, fasade pdf, 2 MB.
Flyfoto pdf, 8 MB.
Situasjonsplan pdf, 6 MB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?