No startar ein ny runde av Ungdata pluss
Denne våren skal over 7000 barn frå Vestfold og Telemark svare på Ungdata pluss, ei unik undersøking som følgjer deltakarane frå barneskulen til vaksen alder.

Ungdata pluss er eit samarbeidsprosjekt mellom Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet, Universitetet i Sørøst-Norge, Kompetansesenter for rusfeltet – Region sør (KORUS sør), og Vestfold og Telemark fylkeskommunar.
Frå barn til ungdom
Fyrste runde blei gjennomført i 2023, då deltakarane framleis gjekk på barneskulen. No går dei på ungdomsskulen, og forskarane er spente på kva for endringar dei har gått gjennom sidan seist. Har ungdommane fått ein ny hobby eller nye vener? Er skulen artigare, kjedelegare eller litt av begge delar?
NOVA understrekar at funna ikkje berre vil gjeva kunnskap på lokalt nivå, men og kunne seie noko om oppvekst i Noreg. Kunnskapen vil kunne vera nyttig i det helsefremjande og førebyggande helsearbeidet for barn og unge.
Vil du lesa resultata frå fyrste runde? Her finn du publikasjonar med funn frå Ungdata pluss 2023. pdf, 446 kB.
Sist oppdatert
