Sommararbeid for Tokkeungdom - 2026
Tokke kommune har no tre utlysingar for dei som ynskjer å søkje på sommararbeid i kommunen.
Turistvertar – Visit Dalen
Me søkjer imøtekommande, positive og serviceinnstilte turistvertar som vil vera med på å skape gode opplevingar for dei besøkande på Dalen sommaren 2026.
Er du språkmektig, utadvendt og glad i Tokke? Då kan du vere den me leitar etter. Som turistvert er du Visit Dalen sitt ansikt utad og spelar ei viktig rolle i å formidle vår unike natur, kultur og historie til gjestene våre.
Arbeidsoppgåver:
• Vertskap for Visit Dalen – ta imot og rettleie turistar.
• Sal av tenester og varer
• Oppdatering av sosiale media
• Guiding og formidling av lokalhistorie
• Enkle rydde- og reinhaldsoppgåver
Kvalifikasjonar:
• Serviceinnstilt og glad i å møte nye menneske
• Gode kommunikasjonsevner – gjerne fleire språk
• Interesse for lokalhistorie, natur og reiseliv
• Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Alder: Frå fylte 15 år og oppover til 18 år
Arbeidskoordinator for sommararbeid ved teknisk uteavdeling
Uteavdelinga i Tokke kommune vil i sommar tilby ungdom over 18 år sommararbeid.
Arbeidsoppgåvene vil i tillegg til vedlikehald av kommunen sine bygg og grøntområde bestå av ei rolle som arbeidskoordinator.
Det er eit krav om førarkort klasse B og ein fordel med arbeidserfaring. Bruk av eigen bil i arbeidet kan vere aktuelt.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar teknisk uteavdeling Tore Gjerlid tlf. 35075200/99616501
Sommararbeid ved teknisk uteavdeling
Uteavdelinga i Tokke kommune vil i sommar tilby sommararbeid til ungdom frå fylte 15 år og oppover til 18 år.
Arbeidsoppgåvene vil bestå av vedlikehald av kommunen sine bygg og grøntområde i lag med kommunalt tilsette og arbeidskoordinator.
Me oppfordrar ungdom med interesse for praktisk arbeid å søkje.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar teknisk uteavdeling Tore Gjerlid tlf. 35075200/99616501.
Felles for alt av sommararbeid for Tokke ungdom 2026:
Søknad skal sendast på e-post til postmottak@tokke.kommune.no
Ynskjer du å søkje på fleire av sommarbeida 2026? Då må du skrive ein søknad til kvar stilling.
Søknadsfrist: 6. april 2026
Velkomen som søkjar!
Text
Sist oppdatert
