Utlysing - kulturmidlar, idrettstipend og kulturprisen
Gjennom tildeling av midlar til kulturfeltet ynskjer Tokke kommune å stimulere det friviljuge kulturlivet i kommunen til utvikling og fornying. Då med sikte på å skape gode levevilkår for innbyggjarane og for å styrke identitet og tilhøyre til Tokke. Føremålet er å legge til rette for alle, uavhengig av funksjonsevne og helse.
Kulturmidlar
Kulturmidlar kan gjevast til:
- Drift av lag og foreiningar tilhøyrande i Tokke kommune (kulturmidlar)
- Prosjektretta tiltak
- Arrangementsstønad (Direkte tilskot, dekning av underskot)
- Tilskot til kulturarbeid for funksjonshemma
- Stipend til unge idrettsutøvarar
- Kulturpris
- Verne- og restaureringspris
Meir informasjon, og søknadskjema, finn de her. Lenke til et annet nettsted.
Søknadsfrist: 30. mars
Idrettsstipend
Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan no søkje om idrettsstipend. Tildeling skjer etter anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene.
Ved fleire søkjarar står idrettsrådet og Oppvekstutvalet fritt til å rangere søkjarar og fordele midlar til ein eller fleire av søkjarane.
Kriterier:
- Må ha fylt 16 år i søknadsåret, kan fylle 20 år i søknadsåret
- Må drive seriøs satsing innanfor ein idrett og syne til deltaking i konkurransar på nasjonalt nivå
- Må vere medlem av idrettslag eller klubb i Tokke kommune (kan gjerast unntak ved mindre idrettar der Tokke ikkje har eigen klubb innanfor den aktuelle grein og søkjaren er busett i Tokke)
- Må ha vedlagt uttale frå trenar/ klubbansvarleg om utvikling og satsing
For meir informasjon, sjå her. Lenke til et annet nettsted.
Søknad sender du til postmottak@tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 1. mai
Kulturprisen
Kulturprisen blir dela ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har gjort eller gjer ein innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet. Kulturprisen har eigne retningslinjer vedteke i kulturutvalet 25.10.05 (05/058).
For meir informasjon, sjå her. Lenke til et annet nettsted.
Nominasjonar sender du til postmottak@Tokke.kommune.no
Frist for å sende nominasjon: 1. mai
Sist oppdatert
