Tidlegare Lårdal bibliotek skal tømmast - kom og få gratis bøker
Tokke kommune inviterar deg til det tidlegare biblioteket i Lårdal 1. og 2. april 2026. I samband med avvikling og tømming av lokalet ynskjer me å gjeva bøkane eit nytt liv. Difor opnar me dørene for innbyggarane, slik at alle som vil kan koma innom og hente med seg bøker heilt gratis.
Dette er eit fint høve til å finne lesestoff til både små og store, og samstundes bidra til gjenbruk.
Praktisk informasjon:
Tidspunkt:
- 1. April: kl. 15.00–19.00
- 2. April (skjærtorsdag): kl. 10.00–16.00
Stad: Tidlegare Lårdal bibliotek (Saurlandsvegen 12)
Utvalet er variert, så møt opp med posar/kasser og finn deg nokon litterære godbitar du kan nyte i påskehelga!
Sist oppdatert
